1836 (romartal MDCCCXXXVI) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein onsdag i den julianske.

Hendingar

Utlandet Boarane i dagens Sør-Afrika byrja Det store trekket. Hiram More konstruerte den fyrste fungerande skurtreskaren. 23. februar–6. mars: Slaget ved Alamo ende med meksikansk siger. 25. februar: Samuel Colt fekk patent – U.S. Patent #138 – på revolveren. 2. mars: Republikken Texas erklærte seg uavhengig frå Mexico. 21. mars: Krigen mellom Mexico og Texas enda då texanske styrkar sigra over meksikanarane i slaget ved San Jacinto og sikra sjølvstendet til den nye republikken.

Noreg 7. juli: Kong Karl III Johan av Noreg oppløyste Stortinget og utløyste ei konstitusjonell krise i Noreg. 28. juli-27. august: Sogningen Mons Monsen Øyri, betre kjend som Mensen Ernst, sprang frå Istanbul til Calcutta og tilbake att, på 59 dagar.

Fødde mini|upright|Elias Blix vart fødd 24. februar i Våg på Sandhornøya

18. februar: Ramakrishna, indisk Kali-tolkar 21. februar: Léo Delibes, fransk komponist 24. februar: Elias Blix, norsk salmediktar, målmann og politikar 23. mars: Hans Bjering, norsk gardbrukar og stortingsrepresentant 14. juni: Nils Anker, norsk trelasthandlar, fabrikkdirektør og stortingsrepresentant 26. juni: Julius von Staudinger, tysk jurist og senatspresident 9. juli: Sofie av Noreg og Sverige, dronning 11. august: Cato Guldberg, norsk fysikar og matematikar 29. september: Didrik Cappelen, norsk godseigar og stortingsrepresentant 2. november: Michał Andriolli, polsk arkitekt og målar 14. november: Nikka Vonen, norsk forfattar og målkvinne

Døde

6. mars: Davy Crockett, USA-amerikansk soldat 22. mars: Hans Jacob Grøgaard, norsk prest, forfattar og stortingsmann 18. april: Jens Worm Bruun, dansk lærar og songpedagog 1. juni: Ola Olsson Heimsæter, norsk gardbrukar og stortingsrepresentant 10. juni: André-Marie Ampère, fransk fysikar Peder Rosenkilde, norsk kjøpmann, eidsvollsmann og stortingsmann 26. juni: James Madison, USA-amerikansk president 4. juli: Fredrik Moltke, dansk embetsmann og statsminister 12. september: Svend Hersleb, norsk teolog 6. november: Karl X av Frankrike, fransk konge