Kirsten Giftekniv (også kalla Kirsten Gifte-Kniv eller Kirsten Gifteknivs) er ein rollefigur i einaktar-komedien Den forvandlede brudgom som blei skriven av Ludvig Holberg og gjeven ut i 1753. Namnet hennar er gått inn i språket om ein person som prøver å hjelpa til med å sameina menneske til ekteskap eller kjærleikstilhøve.
Ordsoge På fransk blir ein giftekniv kalla ein marieur eller ei marieuse. På engelsk er omgrepet matchmaker.
Giftekniv Sluttleddet kniv kan tolkast som «person som er utrusta», slik at ein giftekniv er nokon som er utrusta til å få nokon gifte.
I Den forvandlede brudgom blir Kirsten Giftekniv omtala som «… den gamle Madame, Kirsten Gifte-Kniv, som pleyer at gaae forliebte Folk til Haande.»Ludvig Holberg Den forvandlede Brudgom (1753) Skodespelet har elles berre kvinnerollar, men Holberg skriv at rolla som Kirsten Gifte-Kniv skal spelast av ein mann. Kirsten Giftekniv var ikkje den første personen kjent med tilnamnet «giftekniv». I Holberg-komedien Ulysses von Ithacia frå 1723 finn me ein Maren Gifte-kniv omtala: «Den Qvinde maa være verre end Maren Gifte-kniv var i gamle Dage. Var jeg Jupiter, hun skulde drolen spliide mig ad faae andet at bestille end løbe om at cople Folck sammen.»Ludvig Holberg: Ulysses von Ithacia (1723) Andre gifteknivar er Anton Giftekniv frå ein roman av Arne Bjørnstad gjeven ut i 1971, og Sixten giftekniv, den norske tittelen på den svenske spelefilmen Sixten frå 1994 som var basert på barneboka Sixten (norsk Simen) av Ulf Stark.
Kjelder
«giftekniv» i Bokmåls- og Nynorskordboka Gifte-kniv i Ordbog over det danske sprog
Kategori:Oppdikta personar Kategori:Ludvig Holberg Kategori:Uttrykk