1808 (romartal MDCCCVIII) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen. mini|Slaget ved Sjællands Odde. Det dansk-norske linjeskipet «Prinds Christian Frederik» i midten, til høgre i biletet er «The Stately» og til venstre «Nassau» med fregatten «Quebeck» til akter. mini|Måleri frå slaget ved Alvøen mellom dei små, norske fartøya og den store, engelske fregatten «Tartar».
Hendingar
Utlandet 1. januar: Innføring av slaver blei forbode i USA 22. mars: Slaget ved Sjællands Odde i Danmark 23. mars: Skipet «Prinds Christian Frederik» gjekk i lufta etter slaget ved Sjællands Odde 26. mars: Karl IV av Spania abdiserte til fordel for sonen, Ferdinand VII. desember: James Madison blei vald til den fjerde presidenten av USA.
Noreg 18. april: Slaget ved Lier skanse 25. april: Slaget ved Trangen, eit militært slag mellom norske og svenske styrkar under krigen med Sverige 1808-1809. 16. mai: Slaget ved Alvøen mellom ein britisk fregatt og norske skip frå roflotiljen
Fødde
26. februar: Honoré Daumier, fransk målar, grafikar, bilethoggar og karikaturteiknar 4. mars: Frederik Stang, norsk embetsmann og statsminister 11. april: Anton Martin Schweigaard, jurist og politikar 20. april: Napoleon III av Frankrike, president og seinare keisar i Frankrike 17. juni: Henrik Wergeland, forfattar og samfunnsdebattant 10. juli: Christopher Olsen Blom, lensmann og stortingsmann 7. august: Tollef Olsen Lund, gardbrukar og stortingsmann 14. august: Sjur Sexe, norsk geolog og matematikar 6. oktober: Fredrik VII av Danmark, dansk konge ukjend dato: Abd el-Kader, algerisk emir
Døde
8. februar – Ove Høegh-Guldberg, dansk statsmann 3. mars – Johann Christian Fabricius, dansk zoolog 13. mars – Kristian VII av Danmark-Noreg, dansk-norsk unionskonge 24. mai – Jean-Jacques Huvé, fransk arkitekt 1. oktober - Carl Gotthard Langhans, tysk arkitekt